Vil du vere med og påverke kva som skjer for ungdom i Lom? Da er ungdomsrådet plassen for deg!
Ungdomsrådet i Lom er ei gruppe ungdommar som snakkar på vegner av alle barn og unge i kommunen. Vi seier meininga vår i saker som handlar om oss – til politikarar og tilsette – slik at ungdomsrøysta blir høyrd.
Vi møtest jamleg for å snakke om ting som betyr noko for ungdom og kome med eigne forslag.
Å vere med i ungdomsrådet er både lærerikt og sosialt – du får erfaring med samarbeid, demokrati og påverknad, og du får vere med og gjere Lom til ein enda betre stad å bu for ungdom!
Representantar 2026-2027
Leiar:
Jo-Jakup Ovesen
Nestleiar:
Einar Moshagen Vole
Medlemmar
Vilma Sveen Jones
Amanda Lyngved
Sina Gubhage
Lillian Brimi Bohm
Vemund Garmo
Publisert av Rønnaug Nyrnes
Sist endret 18.06.2026 12.10