Barneverntenesta Sel, Lom, Skjåk og Vågå - Lom kommune

Inngangsdøra på Midtgard er låst

Døra på Midtgard vil vere stengd frå og med måndag 13. april.

Har du behov for å snakke med ein sakshandsamar, ber vi deg ta kontakt på førehand.
Du når oss på telefon 61 21 73 00

Barneverntenesta Sel, Lom, Skjåk og Vågå

Barneverntenesta skal vere ein garanti for at alle barn og unge er sikra omsorg, tryggleik og utviklingsmoglegheiter. Barnevernet har som si spesielle oppgåve å ta vare på dei mest utsette barna. Barnevernet skal beskytte barn mot omssorgssvikt og motverke at barn lid fysisk og psykisk overlast. Barneverntenesta kan kontaktast døgnet rundt på tlf 908 54 475