Hukommelsesteam

Hukommelsesteamet bistår fastlegar i utgreiing av hukommelsessvikt, følgjer opp personar med demenssjukdom og deira pårørande, og gir råd, rettleiing og støtte undervegs.

Kjenner du nokon som har byrja å gløyme nylege hendingar, gjentek historier eller verkar forvirra om tid og stad? Kanskje slit dei med å kjenne att folk, misser ferdigheiter dei tidlegare har hatt, eller opplever endringar i personlegdomen og dømmekrafta. Nokre får også vanskar med å klare seg sjølve i kvardagen.

Ansvarleg for tenesta: Heimebasert omsorg