Digital heimeoppfølging

Kommunane i Nord-Gudbrandsdal deltek i satsinga Helseregionsamarbeid Innlandet: Auka sjølvstende og betre helse med digital heimeoppfølging. Prosjektet blir leia av HelseINN og samlar 22 kommunar, Sykehuset Innlandet, Helsefellesskap Innlandet, Digi Innlandet og Kreftforeningen i eit felles løft for å skape meir samanhengande og framtidsretta helse- og omsorgstenester.

Digital heimeoppfølging (DHO) er ei spennande moglegheit til å vidareutvikle korleis kommunen kan følgje opp pasientar sine helsebehov. Målet er å bidra til auka tryggleik, betre oppfølging og større moglegheit for den enkelte til å meistre eiga helse i kvardagen.

Med digital heimeoppfølging kan delar av oppfølginga frå helse- og omsorgstenesta skje digitalt. Du kan dele relevant helseinformasjon med helsepersonell, ha dialog med tenesta og få oppfølging utan at alle kontaktpunkt må vere fysiske møte. Dette kan gi betre oversikt over eiga helse og gjere det mogleg å oppdage endringar tidlegare.

Digital heimeoppfølging skal vere eit supplement til dagens helsetenester – ikkje ei erstatning for den personlege kontakten med helsepersonell. Når det er behov for det, vil ein framleis få fysiske møte, undersøkingar og annan oppfølging.

"Data sendes sikkert"