For å sikre deg best mogleg behandling og oppfølging, nyttar fysioterapiavdelinga eit felles elektronisk journalsystem. Dette gjer at alle fysioterapeutane kan sjå pasientar som står på venteliste, og bidreg til raskare og meir koordinert hjelp.
Kvar blir opplysningane lagra?
Alle helseopplysningar om deg blir lagra i ein elektronisk pasientjournal, i tråd med Pasientjournallova
og Personopplysningslova (GDPR).
Kven har tilgang til opplysningane?
Berre autorisert helsepersonell ved fysioterapiavdelinga har tilgang til journalen. Terapeutar som er involverte i behandling eller vurdering av pasientar får innsyn, men berre når det er nødvendig for å kunne gi forsvarleg helsehjelp, slik Helsepersonellova krev.
All tilgang blir loggført og kontrollert i tråd med Normen for informasjonstryggleik (Helsedirektoratet).
Kva kan du reservere deg mot - og kva rettar har du?
Som pasient har du fleire rettar etter Pasient- og brukarrettslova. Du kan:
- Be om å sperre journalen for enkelte terapeutar.
- Be om innsyn i eiga journal og sjå kven som har hatt tilgang.
- Kreve retting eller sletting av feilaktige opplysningar.
- Reservere deg mot å stå på felles venteliste (merk at dette kan påverke ventetid og tilbod).
Ta kontakt med oss dersom du ønskjer å reservere deg eller har spørsmål om journaltilgang.
Kva skjer når du melder behov for oppfølging?
Når du tek kontakt med oss, blir du sett på ei felles venteliste. Terapeutane nyttar denne lista for å finne dei pasientane som skal få tilbod om vurdering og behandling.
Ein fysioterapeut vil ta kontakt med deg når det er din tur, basert på prioritering og kapasitet.
Personvern og tryggleik
Vi følgjer strenge krav til personvern og informasjonstryggleik. All handsaming av opplysningar skjer i samsvar med GDPR, norsk helselovgiving og Normen for informasjonssikkerheit frå Helsedirektoratet.
Har du spørsmål?
Ta gjerne kontakt med fysioterapiavdelinga dersom du lurer på noko om journal, venteliste eller personvern.
Kontakt Lom Kontakt Skjåk