HukommelsesteamHukommelsesteamet bistår fastlegar i utgreiing av hukommelsessvikt, følgjer opp personar med demenssjukdom og deira pårørande, og gir råd, rettleiing og støtte undervegs.Kjenner du nokon som har byrja å gløyme nylege hendingar, gjentek historier eller verkar forvirra om tid og stad? Kanskje slit dei med å kjenne att folk, misser ferdigheiter dei tidlegare har hatt, eller opplever endringar i personlegdomen og dømmekrafta. Nokre får også vanskar med å klare seg sjølve i kvardagen. Kva gjer hukommelsesteamet? Bistår fastlege i kartlegging og utgreiing ved mistanke om hukommelsessvikt – som oftast i heimen.Deltar i utgreiing og oppfølging av personar med demenssjukdom og deira pårørande, og kan gi råd og rettleiing.Er kontaktperson for personar med ein demenssjukdom og deira pårørande.Hukommelsesteamet er organisatorisk lagt under heimesjukepleia, og samarbeider tett med:ErgoterapeutHeimesjukepleiaFastlegarTildelingskontoretSpesialisthelsetenestaKvifor er demensutgreiing viktig?Ei grundig utgreiing gjer det mogleg å:stille rett diagnosevurdere behov for medisinsetje i gang tiltak til rett tidleggje betre til rette for både personen med demenssjukdom og deira pårørandeKven kan ta kontakt?Alle som er uroa for seg sjølv eller andre kan vende seg til hukommelsesteamet:Enkeltpersonar, pårørande og venerHelsepersonell i kommunenFastlegarSpesialisthelsetenestaAnsvarleg for tenesta: Heimebasert omsorg Sist endret 01.12.2025 13.42