Kommunepsykolog

Skjåk, Lom og Vågå kommunar har sidan hausten 2019 samarbeidd om ei fast stilling som kommunepsykolog.

Bakgrunn for stillinga

Gjennom tilsetjinga oppfyller kommunane Stortinget sitt vedtak om endra kompetansekrav i helse- og omsorgslova. Krava forpliktar kommunane til å ha psykologressurs i tenesteapparatet sitt. Lovendringa tok til å gjelde 1. januar 2020.

Interkommunalt samarbeid

Lom kommune er vertskommune for stillinga. Samarbeidsavtalen mellom kommunane regulerer korleis innsatsen til kommunepsykologen skal fordelast mellom dei tre kommunane ut frå folketalet.

Utvikling av tenester og folkehelsearbeid

Kommunepsykologen skal bidra til å styrkje og utvikle helse- og omsorgstenestene i kommunane. Stillinga inngår også i det systematiske arbeidet deira med å betre folkehelsa.

Rådgjeving og fagleg støtte

Kommunepsykologen bidreg til fag- og tenesteutvikling gjennom rådgjeving og konsultasjon til kommunale tenesteytarar. Dette kan gjelde både arbeid med enkeltsaker og ulike faglege tema.

Kommunepsykologen kan også bidra til teneste- og kompetanseutvikling gjennom undervisning, planlegging av kurs og faglege innspel til kommunalt planarbeid. Dette kan mellom anna gjelde folkehelse, oppvekstvilkår, skule, barnehage og helse- og omsorgstenester.

Kliniske tenester

Etter ei individuell vurdering av behov og om det er formålstenleg, kan kommunepsykologen i enkelte tilfelle gi kliniske tenester.

Førespurnader om slike tenester kan til dømes gå gjennom fastlegen, psykisk helseteneste, helsestasjonen eller helsesjukepleiar. Dei kan drøfte saka med kommunepsykologen.