KlagerettDu har rett til å klage på helsetenester du får frå kommunen dersom du meiner at du ikkje har fått dei tenestene du har krav på, eller dersom du er ueinig i kommunen si vurdering av ditt behandlingsbehov.Klagen skal sendast til den eininga i kommunen som yter tenesta, eller til den som har fatta vedtaket du er ueinig i. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket etter at du har klaga, vil dei sende saka vidare til Statsforvaltaren for vurdering.Dersom det er eit vedtak du er ueinig i, skal klagen gå til Tildelingskontoret.Dersom det er tenesteytinga du ynskjer å klage på, skal klagen gå til tenesteytaren. Kva kan du klage på?Avslag på helsetenesterMindre eller annleis helsehjelp enn det du meiner du har krav påUeinigheit i kommunen si vurdering av ditt behandlingsbehovDårleg kvalitet på tenestaUfagleg eller uforsvarleg behandlingDårleg kommunikasjonAndre kritikkverdige forholdViktig:Du kan kontakte Pleie- og omsorgstenesta i Lom kommune eller Pasient- og brukarombodet for råd og rettleiing i samband med klagen. Klagefrist er fire veker frå du fekk vedtaket.Hugs å ta vare på all viktig dokumentasjon i saka di.