Søk helse- og meistringstenesterTreng du, eller nokon du kjenner, hjelp i kvardagen? Då kan du søkje om helse- og meistringstenester som er tilpassa din situasjon.Tildelingskontoret for Lom og Skjåk fattar vedtak om helse- og omsorgstenester ut frå gjeldande lovverk og kvalitetsstandardane til kommunane. Dei samarbeider tett med heimetenestene, Helseheimen i Lom, Skjåkheimen, fastlegar og andre som er viktige for å sikre god hjelp til brukarane.Når du sender inn ein søknad, vil Tildelingskontoret Lom og Skjåk vurdere behovet ditt saman med deg. Slik kjem du i kontakt med ossTildelingskontoret har ikkje ope for drop-in, men vi kan avtale møte ved behov. Du kan få:Rådgjeving om tenesterHjelp til å fylle ut søknader eller klagarInformasjon om kva moglegheiter som finstTa kontakt for å avtale tid:E-post: tildelingskontoret@skjaak.kommune.noTelefon Skjåk: 90 56 22 91Telefon Lom: 94 84 87 24Telefon vederlagsberekning: 48 20 64 34Nyttige dokument og skjemaSøknadsskjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 839 kB)Skjema for kommunal bustad, omsorgsbustad og flyktningebustadAnsvarleg for tenesta: Lom og Skjåk tildelingskontor