Søk om å få støttekontakt og BPA Alle skal ha moglegheit til å ha eit aktivt, sosialt og meiningsfullt liv. Med støttekontakt eller brukarstyrt personleg assistanse (BPA) kan du få hjelp til aktivitetar, sosialt samvær og praktiske gjeremål — på dine eigne premiss. Brukarstyrt personleg assistent (BPA)Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit tilbod for personar med omfattande og langvarig hjelpebehov i kvardagen – både heime og ute – der du eller ein fullmektig organiserer og leier assistentane. Målet er eit aktivt, sjølvstendig liv, trass i funksjonsnedsetting.Kva gjer ein BPA?Ein BPA (brukarstyrt personleg assistent) hjelper ein person med funksjonsnedsetting i kvardagen, på den måten personen sjølv ynskjer det. Det kan vere praktisk hjelp i heimen, følgje til aktivitetar, støtte i sosiale samanhengar eller hjelp til personleg stell — alt etter kva brukaren treng og bestemmer.Forskjellen frå andre hjelpetilbod er at brukaren sjølv bestemmer kven assistenten er, kva oppgåver som skal gjerast og når hjelpa skal skje. Det gjer at ein kan leve eit friare og meir sjølvstendig liv.Døme på oppgåver ein BPA kan hjelpe deg med: Personleg stell: hygiene, påkledning, ernæring, måltid.Praktisk bistand: reinhald, matlaging, ærend, hushald.Støttekontakt og hjelp ved fritidsaktivitetar – både heime og ute.Opplæring i dagleglivets gjeremål.Fleksibilitet: organisering etter dine behov – t.d. arbeid, fritid, reiserKven kan få BPA?Du må vere under 67 år.Treng hjelp i minst to år, med eit behov på minimum 32 timar i veka (kan vurderast frå 25 timar dersom BPA ikkje er vesentleg dyrare enn andre løysingar) Foreldre til born under 18 år med nedsett funksjonsevne kan ha rett til BPA som avlastingKven er arbeidsleiar?Brukaren sjølv er arbeidsleiar og har ansvar for:opplæring av assistentane og dagleg organisering av arbeidet deira. Dette inneber mellom anna å sette opp planar for kva tider assistentane skal arbeide, og for å fylgje opp assistentane i høve HMS (helse, miljø og sikkerheit).at ordninga er forsvarleg, både for dei som er tilsett og for seg sjølv. Innan dei timeramane som kommunen sitt vedtak fastset, kan brukar styre kva assistentane skal gjere og til kva tider assistanse skal gjevast.Om du ikkje kan vere arbeidsleiar sjølv, kan ein pårørande eller ein verge ta på seg denne rolla.Praktisk om ordningaDet blir laga ein skriftleg avtale mellom kommunen, brukaren og arbeidsgjevaren der det går fram kva oppgåver og ansvar som gjeld for brukarstyrt personleg assistanse (BPA).Alle BPA-assistentar har teieplikt både under og etter oppdraget.Assistentane får opplæring og oppfølging frå arbeidsgivar, og brukaren eller den som er arbeidsleiar, har ansvar for den daglege rettleiinga og organiseringa av arbeidet.Slik får du BPA:Send inn søknad – bruk skjema for helse- og omsorgstenester (PDF, 839 kB) og send det til Lom og Skjåk tildelingskontor. Du kan også ta direkte kontakt med tildelingskontoret og få hjelp og rettleiing hjå dei. Kartlegging: kommune vurderer behovet i samarbeid med deg – både mengd og type assistanse.Vedtak: du får skriftleg svar med tildelte timar, klagerett og informasjon om organisering.Kostnader og eigenbetalingBarn under 18 år har rett til gratis brukerstyrt personleg assistanse (BPA) dersom dei har behov for praktisk hjelp eller avlasting på grunn av funksjonsnedsettingEr du over 18 år må du betale ein eigenandel. Denne blir utrekna individuelt, basert på inntekt. StøttekontaktStøttekontakt er eit tilbod til deg som treng litt ekstra hjelp for å få ei meiningsfull fritid og sosialt samvær. Det handlar om å ha nokon å finne på noko saman med, og som kan vere ein trygg person å støtte seg til.Kva gjer ein støttekontakt?Kva du og støttekontakten gjer saman, blir tilpassa dine ynskje, behov og interesser. Det kan vere:Å dra på kino, konsert eller arrangementVere med på tur, kafébesøk eller hobbyaktivitetarFå besøk heime for prat og sosialt samværBli med som støtte til å delta i organisert fritidstilbodStøttekontakten skal vere med og bidra til at du får ei triveleg og aktiv fritid. Praktiske gjeremål og transport er ikkje ein del av oppgåva.Kven kan få støttekontakt?Tilbodet er for personar og familiar som, av ulike grunnar, har behov for hjelp til å delta sosialt. Det kan vere på grunn av funksjonsnedsetting, alder, psykiske utfordringar eller andre sosiale forhold. Målet er å hindre isolasjon og leggje til rette for deltaking i samfunnet.Praktisk om ordningaDet blir laga ein skriftleg avtale mellom kommunen og støttekontakten der det står kva oppgåver og ansvar som gjeld, lønsvilkår og reglar for teieplikt.Alle støttekontaktar har teieplikt både under og etter oppdraget.Støttekontaktane får opplæring og oppfølging av vernepleiar.Slik får du støttekontakt:Ta kontakt med Tildelingskontoret i Lom kommune om du ønskjer støttekontakt.Behovet ditt blir kartlagt, og det blir gjort ei vurdering ut frå funksjonsnivå og hjelpebehov. Vi nyttar IPLOS-registrering, som er lovpålagt.Du får hjelp og rettleiing til å fylle ut søknaden om du treng det.KostnadTilbodet er gratis. Dersom du ønskjer å delta på aktivitetar eller arrangement som kostar meir enn det som er avtalt eller du har fått vedtak på, må du betale det sjølv.Les også: Bli støttekontaktAnsvarleg for tenesta: Tilrettelagte tenester Sist endret 11.11.2025 13.45