Leiarteam
- Tenesteleiar helse og velferd: Tonje Lien Barkenæss Eggen
- Tenesteleiar pleie og omsorg: Elin Jeanette Ulen
Oppgåver i tenesteområdet helse og meistring i Lom kommune
Tenesteområdet Helse og meistring har ansvar for planlegging, utvikling og drift av helsetenester og omsorgstilbod i Lom kommune. Målet er å sikre gode, trygge og framtidsretta tenester med fokus på kvalitet, fagleg utvikling og økonomisk berekraft.
Kommunen har ansvar for sjukeheim og omsorgsbustader, heimebaserte tenester, samt tilrettelagde butilbod for personar med særskilte behov. I tillegg blir det gitt avlastning, dagtilbod og aktivitetstilbod for ulike brukargrupper.
Helse og meistring omfattar òg førebyggande og rehabiliterande tenester, som fysioterapi, ergoterapi, hjelpemiddelformidling og velferdsteknologi. Fastlegeordninga, legevakt, jordmortilbod og psykisk helse- og rustenester er òg ein del av ansvaret.
Lom kommune samarbeider tett med andre kommunar i Nord-Gudbrandsdal om felles løysingar, mellom anna gjennom Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter (NGLMS) på Otta og NAV.