Konsesjon
Dersom ervervet er konsesjonspliktig, må det søkast konsesjon. Les meir om dette på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Saksbehandlingsgebyr skal vere betalt før søknaden blir behandla.
Konsesjonfridom
Dei aller fleste eigedomsoverdragingar er konsesjonsfrie. Dette inneber at det ikkje er nødvendig å søke om konsesjon når ein ervervar eigedom. Les meir om dette på Lovdata.
Imidlertid krev tinglysingsstyresmakta ved tinglysing av heimelsdokument, for eksempel eit skøyte eller ei heimelserklæring ved arv, skifte og uskifte, i dei fleste tilfelle ei stadfesting frå kommunen på at ervervet er konsesjonsfritt. Dette gjerast ved at kjøpar gir opplysingar i ei eigenerklæring om konsesjonsfridom. Les meir om dette på Landbruksdirektoratet sine nettsider.
Kommunen stadfestar eigenerklæringa og registrerer oppgitte opplysingar i matrikkelen, som er det offisielle registeret over fast eigedom. Kvittering sendast avsendar. Dersom avsendar har oppgitt si e-postadresse, blir stadfesting sendt som e-post.
Behandlinga av eigenerklæring er gebyrfri.
Ansvarleg for tenesta: Plan, byggesak og miljø