OppmålingsforretningSkal du dele eigedom, justere grenser eller klarleggje eigedomsforhold? Då må du som regel gjennom ei oppmålingsforretning. Her får du vite kva det inneber, kven som kan rekvirere, og korleis prosessen går føre seg.Ei oppmålingsforretning er ei offentleg prosess som vert gjennomført når det skal opprettast eller endrast eigedomsgrenser – til dømes ved deling av eigedom, bortfeste av grunn eller etablering av vegar og rettar. Oppmålingsforretninga inneber at kommunen kjem ut på staden for å klarleggje og merke dei grensene som skal førast inn i matrikkelen (det offisielle eigedomsregisteret). Når treng du ein oppmålingsforretning?Ved oppretting av ny grunneigedom eller festegrunnVed grensejustering eller arealoverføringVed klarlegging av eksisterande grenser (t.d. ved uklare eller manglande grenser)Ved behov for matrikkelføring av jordsameigeNår det er krav om matrikkelføring i samband med søknadspliktige tiltak etter plan- og bygningslovaKva må du gjere?Du må sende inn ein rekvisisjon om oppmålingsforretning til kommunen. Skjema finn du her eller via Kartverket.no.Rekvisisjonen må vere så fullstendig som mogleg, og innehalde nødvendige vedlegg, som kartutsnitt og forklaring på kva grensene eller tiltaka gjeld.Du må vere heimelshavar (registrert eigar) eller ha fullmakt frå eigaren.Etter at kommunen har mottatt rekvisisjonen, vil dei vurdere saka og ta kontakt med deg ved behov.Slik går det føre segDu søkjer om tiltak, eller sender inn rekvisisjon om oppmålingsforretning til kommunen.Kommunen vurderer rekvisisjonen og sender eventuelt melding til partane.Kommunen kallar inn til oppmålingsforretning – der vert grensene merkte og/eller stadfesta i felt.Etter oppmålinga utarbeider kommunen eit oppmålingskart og ei protokoll.Ny eller endra eigedom vert ført inn i matrikkelen, og du får tilsendt matrikkelbrev. Kven kan rekvirere?Som hovudregel er det heimelshavar (den som står som eigar i grunnboka) som kan rekvirere oppmålingsforretning. Eventuelle fullmakter må dokumenterast.Tidsfristar og gebyrKommunen skal som hovudregel gjennomføre oppmålingsforretninga innan 16 veker etter at komplett rekvisisjon er mottatt. Dersom det krevst søknad etter plan- og bygningslova, gjeld eigne fristar.For oppmålingsarbeid gjeld eigne gebyr etter kommunen sitt gebyrreglement. Desse kan variere avhengig av typen oppmåling og areal.Ansvarleg for tenesta: Plan, byggesak og miljø Sist endret 16.03.2026 14.27