Kva er ein reguleringsplan

Ein reguleringsplan fastset korleis eit område skal nyttast, og kva slags bygg eller anlegg som kan førast opp. Planen består av ein planomtale, eit plankart og tilhøyrande føresegn.

  • Planomtalen forklarer måla med planen og kva verknader han vil ha.
  • Plankartet viser kvar bygningar, vegar, leikeplassar, skular og liknande skal liggje.
  • Føresegnene utdjupar kartet og seier meir konkret kva areala kan nyttast til, kva slags bygg som er tillatne, og kva som eventuelt skal vernast. Dei kan òg innehalde krav til tilrettelegging, som til dømes at veg eller leikeplass må vere etablert før det kan givast byggjeløyve.

Ein reguleringsplan er juridisk bindande. Det betyr at all utvikling og tiltak i området må følgje det som er fastsett i plankartet og føresegnene.

Typar reguleringsplanar

Det finst to hovudtypar reguleringsplanar, og fleire kan gjelde for same eigedom. Du kan sjølv sjå kva planar som gjeld for eigedomen din i kommunen sine kartløysingar (Isy Map og Isy Map Server).

Områderegulering
Denne typen plan blir brukt når det er behov for overordna avklaringar om arealbruk. Slike planar blir som oftast utarbeidde av kommunen, men kan òg lagast av andre i samarbeid med kommunen.

Detaljregulering
Ein detaljregulering gjeld mindre område eller enkelttomter, og går meir i djupna på kva som kan byggjast og korleis areala skal brukast. Denne plantypen er ofte naudsynt for å kunne gjennomføre tiltak eller bygging – også ved ekspropriasjon.