Informasjon til tilsette

Vi er opptatt av at omstillinga skal vere så open og forståeleg som mogleg for tilsette i kommunen. 

Kvifor omstilling?

Analysane viser tydeleg at dersom kommunen ikkje gjennomfører nødvendige omstillingstiltak, vil konsekvensane kome uansett – og dei vil vere betydelege.

Bakgrunnen for omstillinga heng saman med utfordringsbiletet. Vi står overfor endringar i demografi, tenestebehov og tilgang på arbeidskraft, samtidig som inntektene frå staten blir lågare. I tillegg er arbeidsoppgåver og digitale løysingar i stadig utvikling, og kommunen må tilpasse seg dette. 

Informasjonskanalar

  • lom.kommune.no 
  • Compilo
  • InfoskjermenGo
  • Personalmøte
  • Kommunestyremøta

Arbeid i einingane

Leiarar har ansvar for framdrift i sine sektorar og avdelingar. Du blir oppmoda til å tenke breitt, og gjerne på tvers av einingar, for å finne tiltak som kan redusere kostnader utan at det går utover kvaliteten i tenestene.

Har du innspel eller spørsmål knytt til omstillinga?

Har du spørsmål, innspel eller tankar du meiner bør kome fram? Da er det viktig at du sender dette inn, slik at det blir med i vidare drøftingar. Under kan du sende inn ditt innspel/spørsmål anonymt.