Innbyggjardialog

På denne sida kan du både sende inn dine eigne innspel til omstillingsarbeidet i Lom kommune, og lese kva som har kome fram gjennom innbyggjardialogmøte og andre innspel.

Har du innspel knytt til omstillinga?

Har du innspel eller tankar du meiner bør kome fram? Da er det viktig at du sender dette inn, slik at det blir med i vidare drøftingar. Under kan du sende inn ditt innspel/spørsmål anonymt. 

Kva har kome fram i innbyggjardialogen?

Lom kommune inviterte til innbyggjardialog om framtidig organisering av barnehage og skule. Målet var å få innspel frå innbyggarane om korleis oppveksttilbodet kan utviklast vidare, slik at kommunen kan sikre gode tenester innanfor dei økonomiske rammene. Dialogmøta handla om viktige val som påverkar både tilbodet til barn og unge og utviklinga av lokalsamfunnet.

Nedanfor kan du lese nokre av innspela som har kome fram. Dei fleste av desse kom inn i samband med innbyggjardialogmøta. Innspela er bearbeidde og samanstilte for å gi ei oversikt over hovudpunkta som kom fram i dialogmøta.