Slik skal vi utvikle oss

Utvikling har alltid vore ein naturleg del av drifta i Lom kommune. Samstundes ser vi at behova endrar seg raskare enn før, og at det i tida framover krevst større grep for å sikre gode tenester og ei berekraftig utvikling. For å møte desse endringane må vi tenkje nytt, prioritere klokt og gjennomføre meir omfattande tiltak enn tidlegare.

Ei målretta satsing på tenester og lokalsamfunn

Vi arbeider aktivt for å utvikle både kommunale tenester og lokalsamfunnet vi er ein del av. Det betyr at vi skal støtte opp under lokal utvikling og bidra til at Lom held fram med å vere ein attraktiv kommune å bu, arbeide og leve i. Vi lyttar til innbyggjarane, samarbeider tett med næringsliv og frivillige, og nyttar ressursane våre med omtanke for å skape gode, framtidsretta løysingar.

Omstillingsmålet - frå dagens situasjon til berekraft

Det blir lagt opp til to innsparingstrinn:

Trinn 1 (innan 2027)

  • 9 mill. kr i innsparing
  • Tilsvarar 4,1 % av dagens driftsutgifter per innbyggjar

Trinn 2 (innan 2028–2029)

  • 20,7 mill. kr årleg innsparing
  • Tilsvarar 9,4 % reduksjon

Til saman skal kommunen ned 20,7 mill. kr i årlege kostnader for å ha økonomi i balanse over tid – samstundes som dei lovpålagde oppgåvene skal løysast. 

Dette gjer kommunen nå

For å møte desse utfordringane har kommunen starta ein brei prosess for å finne tiltak både på kort og lang sikt. Administrasjonen, tillitsvalde, verneombod og politikarar samarbeider om omstillingsarbeidet. Kommunedirektøren har ansvaret for prosessen og held politikarane orientert. Arbeidet skjer i tråd med den prosess- og gjennomføringsplanen som er utarbeidd for 2026, og metodikken er basert på Lean og KOSTRA-analysegrunnlag.