Utfordringsbiletet

Utviklinga innan demografi, økonomi, kompetanse og innbyggjarane sine forventningar til kommunale tenester gjer at vi må tenkje nytt om korleis tenestene blir organiserte og levert. For å møte desse endringane, må vi ta i bruk nye løysingar, prioritere annleis og sikre at ressursane våre blir brukte på ein måte som gir mest mogleg verdi for lokalsamfunnet.

Omstilling og utvikling heng tett saman. Vi må fornye og effektivisere tenestene våre, samtidig som vi reduserer driftskostnadene og sikrar god kvalitet. Når vi kombinerer omstilling med vidareutvikling av kommunen, legg vi eit solid grunnlag for tenester som fungerer godt i dag – og som står sterkt rusta til å møte framtidas behov.

Utfordringsbiletet