eDialogGjennom eDialog kan du trygt sende oss brev og dokument elektronisk, sjølv om dei er unnateke offentlegheit.Vi oppmodar til bruk av eDialogE-post er ikkje ein sikker kanal for å sende frå seg informasjon. Uvedkomande kan få tilgang, e-post kan bli stoppa i søppelfilter og saksbehandlaren du ynskjer å nå fram til kan vere borte over tid. Vi vil difor oppmode alle om å bruke eDialog når dei skal sende noko til kommunen, også når det ikkje er unnateke offentlegheit.eDialog sender informasjonen kryptert og er såleis langt sikrare enn vanleg e-post.FramgangsmåteeDialogGå til eDialog. Autentiser deg sjølv, anten med ID-porten, bankID, bankID på mobil, minID, Buypass ID eller Commfides. Når du er logga inn, fyller du ut skjemaet og legg ved eventuelle vedlegg som pdf-filer, og sender inn. NB!Du skal ikkje bruke eDialog om vi har elektroniske skjema til føremålet, t.d. søknad om plass i barnehage, SFO, søknad på stilling m.m.Oversikt over alle elektroniske skjema Sist endret 27.11.2025 12.44