BUA
Tilbyr gratis utlån av utstyr til alt frå sport til friluftsliv, slik at alle får moglegheit til å delta uansett økonomiske føresetnader.
Vi har ikkje eit BUA-tilbod i Lom, men ein kan nytte seg av BUA-tilbodet i Skjåk. For å låne må ein opprette seg ein låneprofil.
- Sjå meir informasjon på bua.no
Aktiv i Lom
Aktiv i Lom leiger ut forskjellig turutstyr innan bre og snø, camp og overnatting og lavvoar. Dette passar godt for både korte og lengre turar. Du kan og låne utstyr for Disk-golf.
Fyrst og fremst
Hos Fyrst og fremst kan du leige topptur-utstyr og breutstyr. Dette er eit praktisk tilbod for deg som treng utstyr til ein enkelt tur eller aktivitet.
Naturopplevingar
Hos Naturopplevingar kan du leige friluftsutstyr, randonnée og toppturpakkar. Dette er eit praktisk tilbod for deg som treng utstyr til ein enkelt tur eller aktivitet.
Lom Fjellstyre
Lom Fjellstyre har båt og/eller garn til utleige på ulike vatn i allmenningen.