Kjøp bygdabok

Bygdabok for Lom er eit verk utgjeve av Lom kommune. 

Verket i fire bind inneheld "gards- og ættesoge", men er eigentleg historia om alle einskildbustadene i bygda og folket som har budd der frå gamal tid og til i dag. 

Ein finn altså ikkje berre stoff om gardane, men òg om alle husmannsplassar ein kan etterspore i kjeldematerialet. Ein finn òg informasjon om alle nyare bustadhus. I tillegg er det teke med anna stoff knytt til grender, gardar og menneske.

Oversikt over dei fire binda

  • Bind 1 - Vårdalen til og med Graffer
  • Bind 2 - Lii, Staurustgrendi og Strondi til og med Gjeisar
  • Bind 3 - Bygdasenteret Fossbergom, Nesgrendi og Nedre Bøverdalen
  • Bind 4 - Bøverdalen sokn

Pris

  • Normalpris kr. 500 pr bok.
  • Tilbodspris kr. 350 pr bok eller kr. 1.000 for fire valfrie bøker.
  • Fraktutgifter kjem i tillegg