Her finn du informasjon om kva som gjeld dersom du ønskjer å avbestille ein billett, eller dersom eit arrangement blir avlyst.
Når du sjølv ønskjer å avbestille
Som hovudregel refunderer vi ikkje billettar dersom du sjølv ønskjer å avbestille. Det er ikkje angrerett på billettar til arrangement som har ein bestemt dato.
I særskilde tilfelle, til dømes ved sjukdom, kan vi likevel vurdere refusjon. Ta kontakt med Utgard dersom dette gjeld deg.
Når eit arrangement blir avlyst
Dersom eit arrangement blir avlyst, kan du ha krav på å få refundert billettprisen. Korleis du får pengane tilbake, kjem an på kvar du kjøpte billetten.
Billettar kjøpte på nett:
- Dersom du har krav på refusjon, blir billettprisen automatisk refundert.
- Du treng ikkje å ta kontakt med oss.
Billettar kjøpte over disk:
- Du må ta kontakt med Utgard for å få refusjon.
- Du må kunne vise fram billetten.
- Serviceavgifta som vart betalt ved kjøpet, blir ikkje refundert.
Dette gjeld også dersom arrangementet blir avlyst på grunn av ekstraordinære hendingar utanfor arrangøren sin kontroll (force majeure).
Har du spørsmål?
Ta kontakt med Utgard dersom du har spørsmål om avbestilling eller refusjon av billettar.