Digitale foredrag på biblioteket

Denne våren kan vi tilby interessante foredrag på biblioteket. Anna kvar måndag kan du koma på biblioteket og få med deg foredrag om ulike tema med dyktige foredragshaldarar. Det er Senioruniversitetet i samarbeid med Bbibliotek24 som tilbyr ordninga til biblioteket. Du treng ikkje vera senior for å delta. Foredraga er gratis og opne for alle. Det er berre å møte opp. Måndag 13. januar held forfattar og journalist Marte Spurkland foredrag om tvangsekteskap basert på boka 1178 netter. Historien om et tvangsekteskap

Plakat til foredrag med Marte Spurkland - Klikk for stort bilde Agnete Brun

Utover våren tilbyr vi totalt 13 foredrag om bl.a. nordmenn i Sør-Amerika, kulturhistorien til eplet, den naturnære hagen, kvinnehelse, årstidene, paven og den katolske kyrkja og om å vera tett på makta i Noreg. Arnt Stefansen, Dag Jørund Lønning, Linn Stalsberg og Magnus Takvam er nokre av foredragshaldarane.  Fyrst ut er Marte Spurkland som fortel historien til Daniella som vart tvangsgifta bort til fetteren sin som 13 åring her i Noreg.  

Foredraga går som regel direkte, blir overført digitalt og vist på storskjerm frå 11.00 til 12.00 anna kvar måndag fram til sommaren. OBS: To av foredraga går tysdagar.  Det er gratis inngang og inga påmelding. Det er berre å møte opp for alle som vil. Det er mogleg å kjøpe seg kaffi og litt å bite i til foredraget, så det kan vera lurt å koma litt før for dei som vil ordne seg med det til foredraget. 

Dette er eit tilbod biblioteket får tilgang til gjennom Bibliotek24 og Senioruniversitetet