
Fleire spør om korleis ein kan forlenge lånetida, om purringar, gebyr og erstatningskrav. Her følgjer ei kort forklaring:
Forlenge lån i Meg & mitt: I menypunktet Meg & mitt på heimesida kan du enkelt forlenge lånetida. Du loggar deg inn med lånenr (nr på lånekortet ditt) og pinkode. Låna dine ligg i mappa Utlån, eller når lånetida har gått ut, i mappa Forfalte. Dersom det ikkje er venteliste på materialet, kan lånetida forlengast tre gonger. Mange foreldre får òg purremeldingar på ungane sine forfalte lån. For å forlenge desse, må ein logge seg inn med lånenr og pinkode til barnet.
Purrerutiner og gebyr: Purringar blir sendt ut automatisk frå biblioteksystemet kvar dag. 1. purring blir sendt ut ei veke etter at lånetida er ute. Denne purringa er gebyrfri. 2. purring blir sendt ut 14 dagar etter at lånefristen er ute. Lånarar som er 15 år eller eldre, får eit gebyr på 50 kr dersom dei mottek 2. purring. Lånarar under 15 år skal ikkje betale gebyr. Gebyret kan betalast på Vipps til #130010. Dersom gebyret ikkje blir betalt, vil lånaren motta faktura på purregebyret. Da går det også på fakturagebyr.
Erstatningskrav: Dersom materialet ikkje blir levert etter 2. purring, mottek lånaren eit siste varsel før det blir sendt erstatningskrav. Gjeldande summar for tapt materiale per 1.mai 2025:
Barnebøker: 400 kr
Bøker for vaksne: 500 kr
Hefte o.l.: 250 kr
Tidsskrift: 100 kr