Landbruk

Landbruk er ei viktig næring i kommunen og står for ein vesentleg del av sysselsetjinga. Jordbruket omfattar både husdyrhald og drift av jordbruksareal, i tillegg til utmarksbeite for sau, geit og storfe om sommaren. Dette bidreg til å halde kulturlandskapet i fjell og dal i hevd.

Treng du hjelp med søknader om tilskot i landbruket?

Fram til 15. oktober er det bemanna kontor i både Lom og Skjåk for deg som treng hjelp med søknader om tilskot i landbruket.

Kontora er bemanna kvar dag mellom kl. 10.00 og 14.00. Her kan du få hjelp med søknader om produksjons- og avløysartilskot (PT), del 2, og regionale miljøtilskot (RMP).

Vi oppmodar deg til å avtale tid på førehand for å unngå venting. Du kan også avtale eit anna tidspunkt dersom det passar betre.

Kontakt Lom og Skjåk landbrukskontor v/Sigbjørn Rolandsen

tlf: 95 48 71 33

Kontaktinformasjon veterinær Lom og Skjåk

Lom og Skjåk dyreklinikk (døgnvakt)

Stordyrvakta i Lom og Skjåk (døgnvakt)

Logre Veterinærklinikk

To sauar ute på beite.