Reisemålsstrategi Lom

Lom har revidert reisemålsstrategien for 2024–2027, med mål om ei berekraftig utvikling av kommunen som reisemål.

Biletet er framsida til strategien med teksta "Reisemålstrategi Lom 2024-2027." Det viser også to personar på tur.  - Klikk for stort bilde

Lom har fått revidert reisemålsstrategien for perioden 2024–2027. Strategien er utarbeidd som ein del av prosjektet «Lom som berekraftig reisemål», med Visit Jotunheimen som prosjekteigar, og er knytt til måla i den nasjonale reiselivsstrategien.

Reiselivet har i lang tid vore ein viktig del av lokalsamfunnet i Lom. Naturen, kulturarven og dei kulinariske opplevingane i området har gjort kommunen til eit attraktivt reisemål for besøkande frå inn- og utland.

Med den nye strategien ønskjer Lom å byggje vidare på desse styrkane og leggje til rette for ei berekraftig utvikling av reiselivet i åra framover. Strategien skal bidra til godt samspel mellom næring, lokalsamfunn og natur, slik at Lom også i framtida er eit godt stad å bu og besøkje.

Les meir