Døra på Midtgard vil vere stengd frå og med måndag 13. april.
Har du behov for å snakke med ein sakshandsamar, ber vi deg ta kontakt på førehand.Du når oss på telefon 61 21 73 00.
Lom kommune ynskjer å vere ein næringsvennleg kommune. Her skal det vere låg terskel for å ta kontakt, og vi har teieplikt. I fyrste omgang vil vi anbefale deg å kontakte næringssjef Åshild Myhre Amundsen.
Næringskontoret kan vere til hjelp gjennom kontaktnettet og eigen kompetanse.Vi kan hjelpe deg sjølve eller kople deg med det rette miljøet.