Moglegheitsstudiar

Lom kommune har fått utarbeidd moglegheitsstudiar for Galdesand og Lom sentrum som viser moglege tiltak og utviklingsretningar for områda.

Moglegheitsstudie for Galdesand

Lom kommune arbeidde i 2023 med ein moglegheitsstudie for Galdesand. Føremålet med arbeidet var å sjå på korleis området kan utviklast til ein meir estetisk tiltalande tettstad, og samstundes bli ein meir attraktiv stad både å stoppe for dei som er på gjennomreise og å opphalde seg for lokale og besøkjande.

I arbeidet er det også sett på moglege tiltak for betre logistikk knytt til adkomst og parkering, samt korleis ein kan styrkje informasjonsformidlinga om kva som finst i nærområdet.

Moglegheitsstudien er utarbeidd av Nordplan AS på oppdrag frå Lom kommune.

Les heile Moglegheitsstudien for Galdesand (PDF, 9 MB)

Moglegheitsstudie for Lom sentrum

På oppdrag frå Lom kommune har Nordplan AS utarbeidd ein overordna moglegheitsstudie for Lom sentrum. Studien peikar på moglege tiltak og forbetringar som kan bidra til vidare utvikling av sentrumsområdet.

Målet er å leggje til rette for eit estetisk vakkert og attraktivt sentrum for både innbyggjarar og tilreisande. Arbeidet må også sjåast i samanheng med Lom sin status som nasjonalparklandsby.

I studien er det særleg sett på desse temaområda:

  • parkeringsstruktur og tilrettelegging for elbil
  • utvikling av møteplassar og torg
  • fortettingspotensiale og utviklingsmoglegheiter
  • tilrettelegging for friluftsaktivitetar i tilknyting til sentrum

Les heile Moglegheitsstudien for Lom sentrum (PDF, 10 MB)