Søk om tilskot frå næringsfondetVil du utvikle bedrifta di i Lom? Kommunen har eit næringsfond som kan gi støtte til ulike prosjekt – både for næringslivet generelt og gjennom ein eiga pott for landbruk og skogbruk.Næringsfond i Lom kommuneLom kommune har eit næringsfond der delar av midlane er sett av som frie midlar. Desse kan det søkjast om tilskot frå, først og fremst retta mot det private næringslivet i kommunen.Nytt regelverk vart vedteke i februar 2025.Vurderer du å søkje? Vi rår deg til å lese gjennom reglane før du sender inn søknad.Reglar for bruk av næringsfondet i Lom kommune (PDF, 20 MB)SøknadsskjemaTilskot utanom landbruk/skogbrukBudsjett: om lag kr 800 000 i året til utdelingForvaltast av næringskontoretKontakt næringssjefen om du har spørsmål eller ønskjer råd i søknadsprosessenTilskot innan landbruk/skogbrukEiga pott på kr 650 000 i åretKontakt Landbrukskontoret i Lom og Skjåk for meir informasjonAndre støtteordningarI tillegg til næringsfondet kan verksemder søkje støtte frå aktørar som Innovasjon Norge, Forskningsrådet, SkatteFUNN og Innlandet fylkeskommune. Kommunen kan hjelpe deg å finne aktuelle ordningar for di bedrift.Tilskuddsportalen for lag og organisasjonarFrivillige lag og organisasjonar i Lom kan registrere seg i Tilskuddsportalen, som gir tilgang til over 1 500 søkbare tilskotsordningar.Kvart lag kan registrere inntil tre kontaktpersonar som brukarar. Sist endret 09.12.2025 13.16