Korleis blir eigdomen din taksert

Når kommunen skal fastsetje eigedomsskatten, må ein først fastsetje verdien på eigedommen. Denne verdien blir kalla eigedomsskattetakst (takst).

Slik går takseringa føre seg

Kommunen gir beskjed når eigedommen din skal takserast. Korleis takseringa skjer, avheng av kva type eigedom du eig. 

Bustader

For bustader bruker vi marknadsverdien frå Skatteetaten som grunnlag for taksten.

Marknadsverdien blir fastsett etter nasjonale reglar og tek utgangspunkt i verdien på bustaden. Ved utrekning av eigedomsskatt blir verdien justert etter reglane i eigedomsskattelova.

Bustader blir som hovudregel ikkje synfarte. Nokre bustader blir likevel synfarte, til dømes dersom dei ikkje har marknadsverdi frå Skatteetaten, eller dersom det er behov for å innhente eller kontrollere opplysningar om eigedommen.

Fritidseigedomar og næringseigedomar

Sakkunnig nemnd har ansvar for takseringa av fritidseigedomar og næringseigedomar. Synfararar samlar inn opplysningar om eigedomane og gir grunnlag for vurderingane til nemnda.

Synfararane:

  • samlar inn informasjon om eigedommen
  • gjennomfører synfaring (utvendig vurdering) ved behov
  • vurderer eigedommen ut frå storleik, standard, bruk og plassering

Kva legg vi vekt på?

Når eigedommen blir taksert, legg ein mellom anna vekt på:

  • storleik (til dømes bruksareal)
  • eigedomstype
  • standard og tilstand
  • plassering

Målet er å fastsetje ein takst som i størst mogleg grad speglar eigedommen sin marknadsverdi. 

Blir alle eigedomar synfarte?

Dei fleste fritidseigedomar og næringseigedomar blir vurderte av synfarar. Dette kan innebere synfaring frå utsida. Du treng ikkje vere til stades under synfaringa.

Viktig å vite

Taksten er eit berekna grunnlag for eigedomsskatten. Taksten gjeld fram til neste allmenne taksering, dersom det ikkje skjer endringar på eigedommen som påverkar verdien. Taksten kan derfor vere annleis enn det du kunne ha fått for eigedommen ved sal.