Kva er eigedomsskatt?Eigedomsskatt er ein kommunal skatt på all fast eigedom, som bustads-, fritids-, og næringseigedomar, samt anlegg, ubygde tomter og tomter med andre bygningar en nemnd først.Pengane frå eigedomsskatten går til kommunen og blir brukte til tenester for innbyggjarane – til dømes skule, helse og veg.Kor mykje du skal betale, kjem an på:verdien på eigedommen din (taksten)skattesatsen som kommunestyret har bestemtKommunen vel sjølv om det skal vere eigedomsskatt. I Lom er det eigedomsskatt på all fast eigedom.Eigedomsskatt for bustader og næringseigedomar på Fossbergom blei innført i 1975, medan eigedomsskatt på anlegg gjeld i heile kommunen.Stilte spørsmål Blir produksjonslinjer takserte?Nei. Eigedomsskattelova vart endra i 2019. Maskiner og produksjonsinstallasjonar som tidlegare kunne inngå i taksten, skal ikkje lenger reknast med i grunnlaget for eigedomsskatt på næringseigedom.Kraftverk og kraftnett blir takserte etter eigne reglar.Transformatorar på næringseigedomar kan i enkelte tilfelle inngå i taksten. Transformatorar som er ein fysisk del av reduksjonen av spenningsnivået ned til produksjonsspenning, blir rekna som produksjonsinstallasjonar og blir derfor ikkje takserte.Større transformatorar som er eigde av næringseigedomen og er ein del av fordelingsnettet på eigedomen, skal derimot takserast.Her kan du lese meir om reglane for næringseigedom, produksjonsutstyr og -installasjonar i eigedomsskattelova § 4.Kva er forskjellen på festetomt og å eige tomta sjølv?Eigartomt betyr at du eig både grunnen og bygningane som står på eigedomen.Festetomt betyr at grunnen og bygningen kan ha ulike eigarar. Vanlegvis eig du bygningen, medan grunnen tilhøyrer ein annan grunneigar. Du har då rett til å bruke tomta gjennom ein festeavtale og betaler som regel festeavgift til grunneigaren.Kven som blir skattlagd for bygningen og tomta, avheng av festeforholdet og avtalen. I nokre tilfelle blir festaren skattlagd for både bygningen og tomta. I andre tilfelle blir eigedomsskatten delt, slik at bygningseigaren blir skattlagd for bygningen og grunneigaren for tomta.Her kan du lese meir om kva som blir rekna som fast eigedom etter eigedomsskattelova § 4.Er leigeverdien avhengig av om eigedomen faktisk er utleigd?Nei. Det er den forventa leigeverdien som blir lagd til grunn – altså kva eigedomen normalt kunne vore leigd ut for.For å finne eit representativt nivå blir det henta inn informasjon om leigeprisar for ulike typar eigedomar, til dømes kontor og lager. Her inngår både høgare og lågare leigeprisar og eigedomar med ulik grad av utleige. På bakgrunn av dette blir det fastsett ein normalisert leigeverdi for kommunen.Ved takseringa for 2027 blir kroneverdien per 1. januar 2027 lagd til grunn og skal gjelde i ti år. Dersom ein eigedom seinare blir taksert på nytt, til dømes på grunn av nye bygningar, skal verdien fastsetjast som om eigedomen var taksert i 2027.Bustader med bustadverdi frå Skatteetaten er eit unntak. Desse verdiane blir justerte kvart år. Bustadverdiane kommunen får i 2027, byggjer på opplysningar frå skattemeldinga for 2025.Vil det vere forskjell på ulike typar campinghytter og utleigehytter?Ja. Korleis hytta er utforma og kva fasilitetar ho har, har betydning for korleis ho blir vurdert.Campinghytter med enkel standardHytter utan eige toalett, dusj/bad eller kjøken, og som er avhengige av felles sanitæranlegg, blir rekna som næringseigedom. Desse har lågare sjablongverdi fordi standarden er lågare enn for ordinære fritidsbustader.For næringseigedom blir 100 prosent av taksten lagd til grunn for eigedomsskatten, med ein skattesats på inntil 7 promille.Hytter med standard som fritidsbustadHytter med eige toalett, dusj/bad og fungerande kjøken blir rekna som fritidsbustader. Desse har høgare sjablongverdi, på same måte som til dømes leilegheiter og andre fritidsbustader.For fritidsbustader blir 70 prosent av taksten lagd til grunn for eigedomsskatten, med ein skattesats på inntil 4 promille.Er det faktisk bruk eller godkjend bruk av bygget som blir lagt til grunn?Ved taksering for eigedomsskatt blir den faktiske bruken og brukseigenskapane til bygget lagde til grunn.Det betyr at ein bygning kan bli taksert ut frå korleis han faktisk blir brukt, sjølv om bygningen eller bruken ikkje er godkjend etter plan- og bygningslova.At kommunen skriv ut eigedomsskatt på grunnlag av den faktiske bruken, betyr ikkje at kommunen har godkjent bruken.Dersom det blir avdekt mogleg ulovleg bruk i samband med takseringa, kan saka bli følgd opp av byggjesaksavdelinga. Publisert av Marit Rolstad Sist endret 25.08.2026 14.05