Kvifor retakserer vi no?Kommunen skal retaksere eigedomane i 2026. Dei nye takstane gjeld frå skatteåret 2027.Kort fortaltKommunen retakserer fordi eigedomsskattelova krev at eigedomstakstane blir oppdaterte jamleg.Bakgrunnen for retakseringaEtter eigedomsskattelova skal kommunen gjennomføre allmenn taksering av eigedomane kvart tiande år. I særlege tilfelle kan kommunestyret vedta at takseringa skal skje tidlegare eller seinare, men den kan ikkje utsetjast med meir enn tre år.Eigedomsskattetakstane (taksten) blir fastsette for ein periode og blir normalt ikkje endra før neste allmenne taksering. Over tid vil dei ikkje lenger spegle verdien på eigedomane, og derfor må dei oppdaterast.Kvifor er dette viktig?Når ein oppdaterer takstane:blir grunnlaget for eigedomsskatten meir rettferdigtek ein omsyn til endringar i eigedomsverdianesørgjer ein for at like eigedomar blir behandla liktoppfyller kommunen krava i eigedomsskattelovaKva betyr dette for deg?Siste allmenne taksering i Lom kommune vart gjennomført i 2012. Takstane vart då fastsette ut frå marknadsverdien på eigedomane på det tidspunktet. For å spegle dagens eigedomsverdiar må takstane oppdaterast til dagens nivå. Derfor må mange eigarar rekne med at eigedommen får høgare takst frå skatteåret 2027 enn i dag.Alle eigedomar som er omfatta av eigedomsskatt, får ein ny takst. Korleis taksten blir fastsett, avheng av kva type eigedom du eig.Bustader:For bustader brukar kommunen marknadsverdien frå Skatteetaten som grunnlag for taksten. Fritidseigedomar og næringseigedomar og bustader utan formuesgrunnlag:Fritidseigedomar og næringseigedomar blir takserte av sakkunnig nemnd i kommunen. Les meirDu kan lese meir om reglane for eigedomsskatt i Eigedomsskattelova. Publisert av Marit Rolstad Sist endret 03.07.2026 12.48