Sakkunnig nemnd

Sakkunnig nemnd har ansvar for å fastsetje eigedomstakstane i kommunen. Her kan du lese meir om kva nemnda gjer, og korleis nemnda arbeider.

Kva er sakkunnig nemnd?

Sakkunnig nemnd er ei nemnd som blir oppnemnd av kommunestyret for å fastsetje eigedomstakstane i kommunen. Nemnda arbeider uavhengig.

Kva gjer sakkunnig nemnd?

Sakkunnig nemnd:

  • fastset retningslinjer for takseringa
  • vurderer korleis eigedomar skal verdsetjast
  • vedtek takstane

Nemnda byggjer på faglege vurderingar og skal sørgje for at eigedomane blir behandla likt og rettferdig.

Korleis arbeider sakkunnig nemnd?

Nemnda legg rammene for takseringa. Det praktiske arbeidet med synfaring og innsamling av opplysningar blir utført av synfararar.

Sakkunnig nemnd bruker opplysningane frå synfararane når dei fastset taksten.

Vedtekter

Les vedtekter sakkunnig nemd Lom kommune (PDF, 132 kB)