Taksten din og eigedomsskatten

Eigedomsskatten blir rekna ut på grunnlag av verdien på eigedommen din, det vi kallar eigedomsskattetaksten. 

Kort fortalt

Eigedomsskatten blir rekna ut ved å kombinere:

  • eigedomsskattetaksten på eigedommen
  • skattesatsen som kommunestyret har vedteke
  • eit eventuelt botnfrådrag
     

Korleis blir eigedomsskatten rekna ut?

Når taksten er fastsett, blir eigedomsskatten rekna ut i fleire steg:

  • Taksten blir justert etter reglane i eigedomsskattelova.
  • Eit eventuelt botnfrådrag blir trekt frå.
  • Skattesatsen blir brukt til å rekne ut eigedomsskatten.

Døme på utrekning

Her er eit forenkla døme på skatt for ein bustadeigedom:
•    Takst: 6 000 000 kr
•    Justert verdi på 70% jf. lova: 4 200 000 kr
•    Botnfrådrag: 500 000 kr
•    Grunnlag for eigedomsskatt: 3 700 000 kr

Ved ein skattesats på 3 promille blir eigedomsskatten:

3 700 000 × 0,003 = 11 100 kr

Kva avgjer kor mykje du skal betale?

Kor mykje eigedomsskatt du skal betale, avheng av:

Eigedomsskattetaksten

Verdien på eigedommen din. For bustader byggjer taksten på marknadsverdien frå Skatteetaten. Fritidseigedomar og næringseigedomar blir takserte av sakkunnig nemnd, som har hjelp av synfarar.

Les meir om korleis eigedommen din blir taksert.

Skattesatsen

Ein sats som kommunestyret fastset.

Les meir om satsar og reglar for eigedomsskatt i Lom kommune.

Botnfrådrag

Eit fast beløp som blir trekt frå taksten før eigedomsskatten blir rekna ut, dersom kommunestyret i sitt budsjettvedtak har vedteke botnfrådrag.