Startlån

Startlån kan hjelpe deg som har hatt langvarige problem med å få lån i vanleg bank til å kjøpe eller tilpasse eigen bustad.

Startlån

Startlån er eit lån frå kommunen som skal hjelpe deg som har vanskar med å få lån i vanleg bank, til å kjøpe eigen bustad. Lånet kan også brukast til å utbetre eller tilpasse bustaden du bur i. Ordninga er behovsprøvd, og du må kunne betale lånet tilbake.

Startlån til fyrstegongsetablerarar

Lom kommune er med i ei ny forsøksordning hjå Husbanken, der ein rettar seg mot dei som kjøper seg bustad for fyrste gong. Føremålet er at det skal bli enklare å få bustadslån for personar som har utfordringar med å koma seg inn på bustadsmarknaden.