Kommuneplanens samfunnsdel

Kvar skal vegen for Lom gå dei neste åra? Samfunnsplanen skal vere kommunen sitt overordna styringsdokument. Her skal overordna mål gå fram, både for utvikling av lokalsamfunnet og for kommuneorganisasjonen. Dette skal ligge til grunn for dei vala som kommunen gjer dei neste åra.

Der samfunnsdelen skal vere overordna, skal handlingsdelen gå i detaljer. I Lom er det handlings- og økonomiplanen som er kommuneplanen sin handlingsdel, og i denne blir mål og verkemiddel konkretisert i gjeremål.

Gå til handlings- og økonomiplan

Store Smørstabbtind i april

Visjon

Ein visjon skal styre retninga på utviklings- og planleggingsarbeidet i kommunen. Visjonen skal vere noko som motiverer og som ligg langt der framme, som vi skal strekke oss etter.

Dagens visjon er "Lom – gjestfri og nyskapande".

Gjestfridomen skal omfatte dei som allereie er busette i kommunen, dei som ønskjer å busette seg her, tilreisande og turistar. Samstundes ligg det fire grunnverdiar til grunn:

  • Nyskapande i samfunnsutviklinga
  • Trivsel i alle aldrar
  • Lokal kultur og historie: Kunnskap og vidareføring
  • Natur: Ivaretaking og bruk

Lom kommune ønskjer å sjå framover og følgje med på utviklinga i samfunnet.

Vil du lese heile Samfunnsplanen?

Ved å klikke på lenka nedanfor kan du lese heile Samfunnsplanen i PDF-format.

Les heile (PDF, 492 kB)

På stranda ved Liabrue, med utsikt mot Lom.