Temaet er knytt til mål 6.11 i samfunnsplanen: Lom kommune skal sikre eit meir attraktivt og variert bustadtilbod gjennom aktiv tilrettelegging og tett samarbeid med andre aktørar, slik at fleire vel å bu og etablere seg i kommunen.
Dette skal skje på same tid som ein varetek andre viktige samfunnsomsyn. Særleg viktige omsyn er knytt til behovet for samlokalisering og effektiv kommunal tenesteyting, sikkerheit frå naturfarar, jord- og skogbruksinteresser, transportbehov og klimagassutslepp, biologisk mangfald og forhald knytt til folkehelse, friluftsliv og nærmiljø.
For å få til dette skal vi:
1 . Legge til rette for bustadbygging på Fossbergom og i grendene, tilpassa ulike behov. Bustadbygginga skal som hovudprinsipp skje konsentrert og i tilknyting til eksisterande infrastruktur, med opning for noko spreidd busetnad.
2 . Utarbeide kommunal retningslinje for dispensasjonshandsaming av tiltak i LNFR-område. I arbeidet med retningslinja skal ein seie noko om:
- Storleik på tomt.
- Krav knytt til moglegheiter for å etablere vatn- og avlaupsanlegg samt etablering av tilkomst frå offentleg veg.
- Totalt arealbeslag inkludert tilkomst og infrastruktur.
- Kva type areal kommunen absolutt ikkje vil omdisponere.
- Krav til sikker byggegrunn og utgreiingsansvar (naturfare)
Vidare skal ein vurdere om retningslinjene bør seie noko om kva omsyn som skal vege tungt som ikkje elles får si handsaming gjennom lov eller forskrift. Dette kan til dømes vere omsyn til:
- Landskapsbilete og naturmiljø som elles ikkje har noko vern eller på anna vis er tillagt ekstra landskapsverdi.
- Trekk, viktige korridorar og leveområde for vilt og andre artar som ikkje elles har noko vern.
- Område som er lokalt viktig for friluftsliv og folkehelse.
- Område som ligg utanfor verneområde, men som kan ha verdi som del av ein besøksstrategi.