Tenestene innan sektorane oppvekst og helse og meistring held god kvalitet og gir trygge tilbod. Samstundes må vidare utvikling av tenestene skje innanfor ramma av endra demografi, nasjonale føringar og eit strammare økonomisk handlingsrom. Endringar i befolkningssamansettinga bidreg til auka etterspurnad etter helse- og omsorgstenester og mindre tilgang på arbeidskraft. Dette krev ei tydeleg omstilling der ressursane i større grad blir retta mot dei områda der behova aukar mest. Samstundes må kommunen leggje større vekt på førebygging og tiltak som kan redusere veksten i tenestebehovet.
Kommunen må i større grad løyse oppgåvene på nye måtar, med betre utnytting av kompetanse, meir tverrfagleg samhandling og auka bruk av teknologi der dette er formålstenleg. Endringar i organisering, arbeidsprosessar og oppgåvedeling vil vere nødvendig for å sikre berekraftige tenester.
Utfordringar knytt til rekruttering og stabil tilgang på kompetent arbeidskraft vil forsterke behovet for prioritering og omstilling. Det blir viktig å utvikle kommunen som attraktiv arbeidsgjevar og samstundes redusere sårbarheit gjennom samarbeid med andre kommunar og fagmiljø.
Ei meir heilskapleg tilnærming til tenestene krev betre samordning på tvers av sektorar og ei sterkare orientering mot innbyggjarane sine samla behov. I dette samarbeidet er kommunen avhengig av gode utviklingspartnarar i form av akademia, regionale og nasjonale støttespelarar.
Førebyggjande og tidleg innsats som er samordna rundt familien i eit livsløpsperspektiv er avgjerande for å dempe veksten i behov. Ein god barndom er avgjerande for helse, deltaking og meistring seinare i livet, og er eit av dei viktigaste verkemidla for å redusere sosiale forskjellar.
I åra framover må det leggast større vekt på eigenmeistring og på kva den enkelte kan bidra med sjølv, med støtte frå familie, nettverk og frivillige. Kommunen si rolle vil i større grad vere å leggje til rette for at innbyggjarane kan meistre eigen kvardag og bu heime lengst mogleg. Eit tett samspel mellom kommune, pårørande og frivillig sektor blir avgjerande for å lykkast.