Befolkning, Sysselsetting, NæringslivBefolkningTrenden over tid er klar: I Lom, som i heile regionen, blir vi færre innbyggarar. Ein større andel av befolkninga blir eldre, og ein mindre andel er barn og unge og personar i yrkesaktiv alder. Mange flyttar til, men samstundes flyttar mange ut. Befolkning forts.Lom står overfor tydelege demografiske endringar dei komande åra. Framskrivingar viser ein reduksjon i folketalet fram mot 2030, samstundes som talet på eldre aukar betydeleg. Aldersgruppa over 67 år er venta å auke med over 20 prosent, og vil utgjere om lag ein tredel av befolkninga. Samstundes vil talet på yrkesaktive gå ned. Antal yrkesaktive bak kvar pensjonist vil i perioden fram mot 2040 bli halvvert. Dette gir eit auka press på kommunen sine tenester og stiller krav til omstilling, prioritering og betre utnytting av samla ressursar i lokalsamfunnet. Endringane påverkar korleis kommunen planlegg for framtida og korleis tenesteytinga skal utformast.Også dei økonomiske rammene endrar seg etter folketalet og befolkningssamansetting, og tenestetilbodet blir planlagd tilpassa dei framtidige behova.SysselsettingLandbruk, reiseliv, varehandel og bygg og anlegg er, saman med offentleg sektor, dei viktigaste næringane for sysselsetting i Lom. Mange arbeidsgjevarar har behov for fleire tilsette, men opplev utfordringar med å rekruttere kvalifisert arbeidskraft. Dette gjeld særleg innan yrkesfag og helse- og omsorgssektoren. Arbeidsmarknaden er stram, med låg arbeidsledigheit og høg etterspurnad etter kompetanse, og det er eit aukande behov for å rekruttere arbeidskraft utanfrå kommunen. Sysselsetting forts.Sysselsettingsgraden ligg om lag på nivå med fylket, men noko under landsgjennomsnittet. Talet på sysselsette har over tid gått ned, i takt med utviklinga i folketalet, og dette forsterkar utfordringane knytt til tilgang på arbeidskraft. Lom er ein del av ein felles bu- og arbeidsmarknadsregion i Nord-Gudbrandsdalen, der mange pendlar mellom kommunane. Talet på arbeidsplassar i Lom er noko lågare enn talet på sysselsette med bustad i kommunen, noko som fører til ei viss utpendling. Eit godt regionalt samarbeid er difor viktig for vidare utvikling av arbeidsmarknaden. Lom har eit relativt høgt utdanningsnivå samanlikna med fylket og landet elles, noko som gir eit godt grunnlag for utvikling av kompetansearbeidsplassar og vidare næringsutvikling. 5 For å møte utfordringane framover er det særleg behov for å utvikle fleire heilårsarbeidsplassar, styrke rekruttering og sjå næringsutvikling, bustadtilbod og attraktivitet i samanheng.NæringslivNæringsstrukturen i Lom og Nord-Gudbrandsdalen er prega av mange små og mellomstore bedrifter, der mykje av verdiskapinga blir att lokalt. Talet på bedrifter har auka dei siste åra. Det er likevel færre nyetableringar enn landsgjennomsnittet, og kommunen kan i liten grad tiltrekke seg etableringar som er arealkrevjande. Næringsliv forts.Lom har lange tradisjonar som reiselivsdestinasjon. Sjølv om skuldersesongane har styrka seg dei siste åra er juli den desidert største månaden med tanke på overnattingar og detaljhandel. Landbruket er ein viktig del av både næringslivet, busetnaden og kulturlandskapet i Lom. Talet på aktive jordbruksføretak har gått gradvis ned over tid, i tråd med nasjonale utviklingstrekk, og utviklinga går i retning av færre og større einingar. Samstundes står næringa overfor utfordringar knytt til lønnsemd, investeringsbehov, tilgang på areal og rekruttering. Lom har store utmarksressursar som gir grunnlag for verdiskaping, men dette føreset gode rammevilkår og berekraftig forvaltning.Bygg- og anleggsverksemd, transport og industri bidreg med viktige arbeidsplassar lokalt. Lom har mange bedrifter som er gode på tradisjonelt handverk, og som er etterspurde både regionalt og nasjonalt.Lom har potensial for vidare utvikling gjennom nye næringar og arbeidsformer. Staduavhengige arbeidsplassar, digitalisering og eit tettare regionalt samarbeid kan bidra til auka attraktivitet og styrka rekrutteringsgrunnlag, dersom det blir følgd opp med tilrettelegging innan bustad, infrastruktur og kompetanse.Gå til neste sideAktivitet og fellesskap, Folkehelse og levekår (lenke) Sist endret 04.11.2026 13.25