Klima og natur, Beredskap

Klima og natur

Globale klimaendringar gjev også utslag lokalt og fører til at naturen kring oss responderer annleis ein før. Dette ser vi mellom anna i endringar i nedbør og temperatur.

Ifølgje klimaprofil for Oppland er det forventa at episodar med kraftig nedbør skal auke vesentleg både i intensitet og hyppigheit i alle årstider, og ein større del av nedbøren vil kome som regn. Det kan ventast større flaumar i elver som er påverka av regnflaumar.

Beredskap

Kommunane er underlagde krava i lov om kommunal beredskapsplikt, der føremålet er å verne liv, helse, miljø, materielle verdiar og kritisk infrastruktur. Det er krav om heilskapleg risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) og ein overordna beredskapsplan som er oppdatert og tilpassa det lokale risikobiletet.

For Lom er beredskap tett knytt til naturfare, klimaendringar og ei auka sårbarheit i kritisk infrastruktur. Meir ekstremvêr, flaumar og skred aukar risikoen for hendingar som kan få store konsekvensar for busetnad, næringsliv og samfunnsfunksjonar. Samstundes har den sikkerheitspolitiske situasjonen endra seg dei siste åra, og gir eit breiare og meir samansett risikobilete der òg digitale truslar, forsyningstryggleik og samfunnskritiske funksjonar må vurderast heilskapleg.