1.1 Frå og med 2027 skal det utarbeidast årleg klimarekneskap for den kommunale tenesteproduksjonen, for å kunne måle energiforbruk og miljøutslepp samt graden av gjenbruk.
1.2 Med utgangspunkt i klimarekneskapen skal energiforbruket og miljøutsleppet i den kommunale tenesteproduksjonen reduserast, og graden av gjenbruk aukast.
1.3 Lom skal vere ein spydspiss innan berekraftig reisemålsutvikling og i forkant av utfordringar knytt til overturisme.
1.4 Lom skal ta ein nasjonal posisjon innan berekraftig beitebruk i landbruket.
1.5 Det skal gjennomførast klima- og miljøtiltak i landbruket.
1.6 Lom kommune skal praktisere eit strengt jordvern for å bygge opp under sjølvforsyning, mattryggleik og beredskap.
1.7 Kommunen skal bidra regionalt for å redusere klimautsleppa frå transportsektoren.
1.8 Kommunen skal arbeide for ei rovviltforvaltning som, innafor dei politiske måla, tek omsyn til beitenæringa.
1.9 Lom ønskjer å bidra til auka produksjon av fornybar energi, innafor naturen si tolegrense.