Leve heile livet i Lom

Noverande og komande nasjonale reformar og satsingar set krav til tenesteytinga i Lom kommune. Berekraft, i form av tilgjengelege menneskelege og økonomiske ressursar må vere styrande for korleis Lom skal utvikle, organisere og tilby tenestene sine.

Tenesteutviklinga skal kjenneteiknast av tidleg innsats, førebygging, kvardagsmeistring, tverrsektoriell og tverrfagleg samordning og koordinert oppfølging. Ein må koordinere innsatsen frå det som har vore frittståande sektorar. Oppvekst, helse og meistring, næringsliv og frivillig sektor må samarbeide for å skape dei gode og naudsynte tenestene og rammene for befolkninga i Lom. 

Kommunen vil i arbeidet med tenestetilboda utvide satsingsområda i nasjonale reformar til å gjelde i eit livsløpsperspektiv.