Handlings- og økonomiplan

Ein handlings- og økonomiplan er eit styringsverktøy for å sikre at kommunen brukar ressursane på ein planmessig og oversiktleg måte.

  • Den viser prioriteringar og mål for kommunen.
  • Den viser budsjett og økonomiske rammer for ulike tenester og prosjekt.
  • Planen blir oppdatert jamnleg, slik at innbyggjarar og politikarar kan følgje med på utviklinga.

Lom kommune nyttar Framsikt som sitt system for økonomistyring og rapportering. Gjennom Framsikt får innbyggjarar og politikarar tilgang til oppdaterte oversikter på økonomi, budsjett og ulike rapportar. 

I møte 15. desember 2025 vedtok kommunestyret HØP 2026-2029, med budsjett for 2026. For å få budsjett og økonomiplan i balanse vart det vedteke eit uspesifisert rammekutt på alle rammeområda. Tiltaket heiter Vidare omstilling i økonomiplanperioden, med ei samla innsparing på ca. 9 mill. kr. i økonomiplanperioden.

Handlings- og økonomiplan 2026-2029

Omstilling i Lom kommune

I kommunestyret 23. juni 2026 var handlings- og økonomiplan (HØP) for 2026-2029 oppe til ny rullering. I denne handlings- og økonomiplanen er innsparingstiltak som er arbeidd fram i omstillingsprosjektet våren 2026 rullert inn. 

Rullert handlings- og økonomiplan 2026-2029

Ansvarleg for tenesta: Økonomi