Godt omdøme er ikkje noko ein kan gjere vedtak om å få eller ha. Haldningar og handlingar i kvardagen påverkar den tilliten som innbyggjarane har til kommunen, og vi har alle eit personleg ansvar for å te oss høveleg for å skape og ivareta god tillit til Lom kommune.
Ein open kultur for å samtale godt om etiske spørsmål og utfordringar er naudsynt for å utvikle god etisk og fagleg dømekraft.
Det blir vist til reglement for kommunestyret, formannskap, levekårsutval og samfunnsutval for å sikre ein god møtekultur i politiske møte.
Som medarbeidarar og folkevalde i Lom kommune er vi bevisste om at:
Profesjonalitet
- Vi syner respekt for alle menneske
- Vi brukar fagkunnskap og dømekraft i det daglege arbeidet vårt og handsamar alle likeverdig.
- Vi sørgjer for at fortrulege opplysningar blir handsama på ein forsvarleg måte, og misbrukar ikkje vår tilgang på informasjon, og i varetek teieplikta vår jf. § 13 i forvaltningslova, og § 13 i offentlegheitslova.
- Vi er lojale mot administrative og politiske vedtak.
- Vi fylgjer norsk lov, interne regelverk og god forvaltningsskikk.
- Vi er medvetne på at våre handlingar og haldningar vil påverke Lom kommune sitt omdøme.
Gåver
- Vi tek ikkje imot arv eller personlege fordelar i arbeidet vårt. Gåver av ubetydeleg verdi kan vi ta imot dersom det er avklara med tenesteleiar.
- Det er forbode for tilsette og folkevalde å ta i mot, eller gje gåver, provisjon, tenester eller liknande som er meint å påverke den kommunale tenestehandsaminga eller politiske utfall.
- Mottak av gåver eller fordelar i kraft av å vere tilsett i Lom kommune vil kunne bli sett på som korrupsjon, og kan medføre straff etter straffelova § 276 ac.
Openheit og dialog
- Vi lyttar til innspel frå innbyggjarane gjennom dialog, brukarmedverknad og høyringar.
- Vi sikrar omgjevnadene sine krav til innsyn og opptrer profesjonelt i kontakt med media.
- Vi er bevisste om at all informasjonsstraum, både inn og ut av kommunen blir handsama i høve til overordna lovverk.
Eigendelar og miljø
- Vi arbeider til det beste for fellesskapet, og ser til at Lom kommune sine økonomiske verdiar blir forvalta på ein forsvarleg måte.
- Vi tek omsyn til miljøet og bidreg til reduksjon av energiforbruk og klimautslepp.
- Vi er ansvarsfulle i forvaltning av brukarane sine eigendelar, pengar og andre verdiar.
Interessemotsetnader
- Vi informerer om private tilhøve og interesser som kan påverke vedtak eller utføring av oppgåver for Lom kommune.
- Vi ser til at eigen habilitet blir vurdert før ein handsamar eller fattar vedtak i administrative eller politiske saker.
Innkjøp
- Vi held oss til regelverk om offentlege anskaffingar og opptrer profesjonelt som bindeledd mellom leverandørar og Lom kommune.
- Vi gjer innkjøp av varer og tenester ved å nytte rammeavtaler og kontraktar der det er mogleg.
- Vi tek ikkje imot særfordelar ved private kjøp av varer og tenester frå Lom kommune sine leverandørar.
Samfunnsansvar
- Vi syner samfunnsansvar og støttar opp om kommunen sitt positive omdøme også når vi ytrar oss privat, gjennom sosiale medium m.m.
- Gjennom arbeidet vårt gjev vi merksemd på tilhøve som bidreg til å minske sosiale skilnadar, vald i nære relasjonar m.m. og vi er bevisste på varslingsplikta vi har i høve til dette.
- Det skrivne ord er vanskeleg å få sletta tenk over det når du skriv.
- Alle innlegg på sosiale medium er å betrakta som offentlege og tilgjengelege for alle. Ha dette i bakhovudet når du kommenterer og skriv.
- Du er ein ambassadør for kommunen.
- Jf. retningslinjer for sosiale media for tilsette i Compilo: Kommunikasjonsstrategi - Retningslinjer for sosiale media.
Arbeidsmiljø
- Vi seier venleg "hei", og "takk for i dag" til medarbeidarane våre.
- Vi har alle eit ansvar for å fremje eit godt og inkluderande arbeidsmiljø.
- Vi legg til rette for helsefremjande tilhøve ved at vi bidreg til engasjement og glede i kring arbeidsplassen vår.
- Vi tek aktivt avstand frå all diskriminering, mobbing og trakassering.
Varsling
- Vi har rett og plikt til å varsle om kritikkverdige tilhøve på arbeidsplassen.
- Vi har mot til å varsle. Leiarar skal ta vare på den som varslar og sørgje for at kritikkverdige tilhøve vert retta opp.
- Varsling skjer jf. rutine for intern varsling i Lom kommune.
Ekstraverv og tilleggsverv
- Vi skal leggje til rette for openheit om tilsette og folkevalde sine tilleggserverv, styreverv og økonomiske interesser.
- Vi har ikkje lov til å ta på oss verv eller erverv som er i direkte konflikt med interessene til kommunen, og som gjer at ein kan kome i illojal konkurranse med kommunen sitt tenestetilbod.
Leiaransvar i høve til etikk
- Det er eit leiaransvar å følgje opp at tilsette er kjende med og arbeider etter kommunen sine etiske retningslinjer og støttar arbeidet med omdømebygging.
- Gjennom aktivt fokus på kommunen sine prinsipp for leiing skal etiske dilemma og haldningar jamleg vere tema på alle arbeidsplassar via personalmøte og faglege samlingar.
- Leiarmøte skal jamleg ha etiske problemstillingar som tema.
- Det er vidare eit ansvar for leiarar av folkevalde organ å følgje opp at dei folkevalde er kjende med og arbeider etter kommunen sine etiske retningsliner.
- Etikk skal vere ein del av folkevaldopplæringa som blir gjennomført ved oppstart av kommunestyreperioden.
- Det skal leggjast opp til temasamlingar knytt til omdømebygging / etikk gjennom kommunestyreperioden.
- Habilitet i alle tilsettingssaker skal alltid fylgje Forvaltningslova §6