Prosjektet som Lom kommune har saman med Vågå kommune og HomeNet AS om fiberutbygging er godt i gong. Salet er kome langt og no er arbeidet med graving starta mange stader.
Lom kommune og HomeNet ynskjer difor å invitera til informasjonsmøter då prosjektet no går inn i ei fase der mange har praktiske spørsmål om graving, fibertrasé m.m.
Møtetid og stad i Lom kommune er:
22.06.2022 kl 19:30 – 21:00 Skogheim
Agenda for møte er:
- Kort orientering frå Lom kommune
- HomeNet informere om
- Tilbodet
- Grunneigarløyve
- Status og framdrift
- Spørsmål
Det vil vera mogeleg å teikna fiberavtale med HomeNet i møtet.
Områda som HomeNet no byggjer i er:
- Nord-Sandom
- Garmo - Storviksroe
- Nokre husstandar i Tessand (Vågå)
Les meir om dette her:
Usikker på om dette gjeld din bustad? Sjekk kartgrunnlag her:
Vi oppmodar til og vonar mange stiller på informasjonsmøtet og får svar på spørsmål og teiknar avtale om fiber dersom de ynskjer det. Det blir kaffi og enkel servering.
Dei aktuelle husstandane frå Tessand er også velkomne.
Frå kommunen møter næringssjef og ordførar.
Velkomen!