Status breiband Lom september 2023

Her kjem ein kort status på dei ulike breiband-prosjekta i Lom pr. 25.9.2023: 

LIA: Eidsiva Bredbånd - prosjekt med støtte frå 2018

Status: Venter på ferdigstilling frå Fjellnett. Oppkopling av husstandar langs Vågåvatnet er i gong. Graving har venta på 2-slått og har møtt på ekstra utfordringar pga. mengda nedbør. Bakken må tørka noko opp for å fortsetja gravinga.

GARMO - STORVIKSROE: Global Connect - prosjekt med støtte frå 2019 og 2020


Status: Ferdig med unntak av Nord-Sandom.

EKLEVEGEN: Innvilga støtte til utbygging breiband 2023


Status: På utlysing Doffin – frist anbod 29.9.2023
 

GENERELL INFO: 

Det er mykje pågåande fiberutbygging i Nord-Gudbrandsdalen. Prosjekta som fekk støtte i perioden 2018 til 2020 vert etter planen alle ferdige innan årsskiftet. Dessverre skjer det alltid ting som ligg utanfor utbyggjar sin kontroll og som vil som påverka framdrifta. Eit godt døme her er ekstremvêret «Hans». I nokre område er mykje vatn i bakken ein slik ting. Vi vonar sjølvsagt at det no ikkje skjer meir som gjer at det blir ytterlegare forseinkingar.

I tabellane finn du status på prosjekta der utbygging held på i din kommune.  Det er eit nasjonalt mål at alle husstandar innan slutten av 2025 skal ha tilbod om breiband med minst 100 Mbit/s nedlastingskapasitet. Lom kommune får full dekning på 100 Mbit/s når det siste området som fekk støtte no i 2023 er utbygd.

Er du fastbuande som meiner at du ikkje har fått tilbod om breiband enno eller ikkje bur i eit av dei områda som i dag er under utbygging eller på utlysing, ta kontakt med kommunen.

I Innlandet fylkeskommunes kartløysning kan du sjå status er i din region.

Du finn kartet her.