Status Garmo - Storviksroe

Tidligare i sommar vart det lagt ut utlysning for utbygging av breiband i fleire områder i Nord-Gudbrandsdalen. Lom kommune la ut eitt prosjekt saman med Vågå kommune. Området vert bygd ut med offentleg støtte frå stat, fylkeskommunen og kommunen saman med avgifta for tilkopling frå innbyggjarane. Avgifta er som i alle tidlegare breibandprosjekt på kr 10 000

Frist for utbyggjarane for å levera tilbod var 30.september.

Ved utløp av fristen hadde kommunen motteke fleire tilbod og er svært nøgde med det. Innlandet fylkeskommune ved Abakus AS køyrer anbodsprosessen på vegne av alle kommunane Nord-Gudbrandsdalen. Det har allereie vore gjennomførd møter med alle tilbydarane

I tabellen under kan du sjå kva område som no står for tur for utbygging i kommunen.

Område

Støtte

År tildelt støtte

Garmo-Storviksroe

Statleg og fylkeskommunalt tilskot

2019

 

Målet er innan kort tid å skrive kontrakt med utbyggjar og det vil då koma meir informasjon frå oss om kven som kjem til å byggja ut og kva framdriftsplana vert for prosjekta.