Viktig melding om breiband via kobbernettet for innbyggjarar i Garmo

Telenor har tidlegare sendt ut brev til ein del innbyggjarar på strekninga Garmo - Tessand om at eksisterande breiband gjennom kobbernettet vil bli avvikla 25. mai 2022. 
Vi har no fått bekrefta at dette er utsett inntil vidare, i fyrste omgang til 15. august i 2022. 

Kommunen har ikkje oversikt over kven som har fått brev frå Telenor. 
Men regionen har inngått ei avtale med HomeNet, som fekk anbodet om å bygge ut fiber i det same området. Dette salgsarbeidet er godt i gong, les meir om utbygginga til HomeNet her: 
Det hadde derfor vore ein fordel om avviklinga av kobbernettet kunne vore utsett til ny fiberløysing er på plass frå HomeNet. Vi har ikkje fått bekrefta dette enda, men Telenor har i alle fall signalisert ei utsetting til 15. august 2022.