Som huseigar har du ansvar for at ditt private vass- og avlaupsanlegg er i god stand og følgjer gjeldande forskrifter. Dette gjeld både stikkleidninga og anna utstyr utanfor huset.
Kva betyr det?
Stikkleidninga er røyrleidninga som går frå huset ditt og fram til den kommunale hovudleidninga i vegen. Denne leidninga eig du sjølv, og du har ansvar for drift og vedlikehald.
Dersom det oppstår lekkasje eller feil på anlegget, er du som grunneigar plikta til å utbetre dette. Ansvaret ditt gjeld heilt fram til den kommunale leidninga. Tilkoplingspunktet er også ditt ansvar.
Leidninga skal vere lagt i frostfrie massar, og anlegget ditt må vere i tråd med Standard abonnementsvilkår for vatn og avlaup.
Ved utskifting av det kommunale leidningsnettet kan kommunen krevje at du oppgraderer eller skiftar ut di private leidning dersom ho ikkje tilfredsstiller gjeldande krav.