Utgard ynskjer at alle billettar blir kjøpt via ebillett
Du får kjøpt billettar her, eller ved å laste ned appen "eBillett" til telefon og nettbrett frå ebillett.no. Du får og kjøpt billettar i Utgard 30 minutt før forestilling (merk at det da kan vere utseld).
Billetten blir liggande i appen, samt at du får ein e-post med billetten din.
Når du kjem på kino eller anna arrangement i Utgard, må du syne fram billetten. Dette kan du gjere på tre ulike måtar:
- Ta skjermbilete av billetten med mobiltelefonen
- Vise fram billetten via ebillett-appen på mobiltelefonen
- Syne fram e-posten du har motteke. Anten ved å skrive den ut, eller vise den via mobiltelefonen
Har du ikkje moglegheit til å ta med mobiltelefon for å syne fram billetten eller skrive den ut, så noter ned rad- og setenummer og syn fram dette når du kjem til arrangementet.
Vi kan spore alle kjøpte billettar, så skulle det oppstå noko problem med å finne att billetten, så løyser dette seg når du tek kontakt med Utgard.
Alle får sin billett på e-post
Dersom du ikkje får e-post med billett, ta kontakt med Utgard:
Telefon: 468 57 889 (vakttelefon) eller 465 05 428 (Monika Øyen)
E-post: monika.oyen@lom.kommune.no
Refundering av billettar
- Billettar som blir kjøpt på nett kan refunderast.
- Billettar som du kjøper fysisk over disk blir ikkje refundert.
Ledsagerbillett
- Når du kjøper billett på nett vil du finne ein eigen billettkategori (ledsager) som du legg til.
- Ledsagerbilletten må verifiserast med ei kode.
- For å få denne koden må du ta kontakt med Utgard på e-post monika.oyen@lom.kommune.no FØR du skal kjøpe billett.